Pressemelding -

MS Roald Amundsen er levert

Ekspedisjonsskipet MS Roald Amundsen er levert frå Kleven Verft til Hurtigruten. Overlevering med flaggskifte tok stad tysdag 25. juni 2019.

-Det er med stor glede eg kan melde om at vi har levert MS Roald Amundsen til Hurtigruten. Dette er eit fantastisk skip bygd av fantastisk dyktige folk, seier Olav Nakken, konsernsjef i Kleven Verft AS.

MS Roald Amundsen er spesialbygd for nokre av verdas mest krevjande og spektakulære farvatn. Ekspedisjonsskipet er verdas fyrste hybriddrevne cruiseskip, og har plass til omlag 500 gjestar. Skipet kan gå på rein batterikraft, men hovudoppgåva til dei store batteripakkene er å få ned forbruket av drivstoff. På den måten blir utsleppa minst 20 prosent lågare enn andre cruiseskip av same størrelse. I tillegg er skipet utstyrt med isforsterka skrog, og har fleire nyvinningar for å oppnå eit mest mogeleg miljøvennleg fotavtrykk.

Rått skip – rå utfordring
MS Roald Amundsen er verdas fyrste på fleire område, og har sjølvsagt vore ei god utfordring for skipsbyggarane. 

- Eg er utruleg imponert over den jobben som har blitt gjort blant dei tilsette. Å levere eit så komplisert produkt i ein krevjande periode, og at vi samstundes med dette også har levert ein serie ankerhandterarar til Maersk, er noko alle som har bidratt til kan vere veldig stolte av. Med interiøret, teknologien og det heilt unike designen, er MS Roald Amundsen det ypparste som nokon gong er levert frå eit norsk verft, seier Olav Nakken.

Har gitt Kleven unik kompetanse
Å byggje verdas råaste passasjerskip har ifølge Nakken vore ei utfordring ulikt noko det tradisjonsrike verftet nokon gong har vore med på. Samstundes som byggeprosessen har kravd meir tid enn fyrst planlagt, har det vore viktig for Kleven å levere eit skip som er ferdig og av høgste kvalitet. Nakken meiner at det å bygge MS Roald Amundsen har vore ei positiv erfaring for Kleven.

-Vi har opparbeida oss ei unik kompetanse her på verftet gjennom dette prosjektet, noko som set oss i ein heilt ny posisjon når det kjem til bygging av passasjerskip, fortel Nakken, og legg til at det er fleire som har god grunn til å vere stolte over denne jobben:

-Leverandørane saman med tilsette på verftet og Hurtigruten, har alle teke del i å bygge verdas fyrste hybriddrevne ekspedisjonsskip, eit skip ulikt noko anna som nokon sinne er levert frå eit norsk verft.

Søsterskipet MS Fridtjof Nansen blir også bygd ved Kleven Verft, og skal leverast mot slutten av året. Design av begge skip er levert av Kongsberg Maritime AS. 

Vi gratulerer Hurtigruten med sitt nye skip, og ynskjer hell og lykke for mannskap og passasjerar i komande ekspedisjonar med MS Roald Amundsen! 

Last ned fleire bilde og video fra denne linken: http://bit.ly/msroaldamundsen-battery

Emner

  • Industri, produksjon

Kategorier

  • levering
  • kleven verft
  • hurtigruten

Regions

  • Møre og Romsdal

Kleven har levert over 100 avanserte fartøy for norske og internasjonale kundar sidan 2005. Etter ei utfordrande periode i kjølvatnet av nedgangen i offshore-sektoren, er verftet no eigd av Hurtigruten, og har for tida eitt hurtigruteskip under bygging. 

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20