Pressemelding -

Går mot leiarskifte i Kleven

Konsernsjef Ståle Rasmussen og styret i Kleven er einige om å starte ein prosess for å finne Rasmussen sin etterfølgjar som leiar av skipsbyggingskonsernet.

- Dette er riktig tidspunkt å gjere ei endring på. Selskapet har vore gjennom ei avgjerande periode med å skaffe nye eigarar, og det var viktig for meg å vere på plass i heile denne fasen. Eg ynskte ikkje å vere ein kaptein som forlet skuta før ho var berga, seier Ståle Rasmussen. Det er naturleg med eit skifte no, med nye eigarar og nytt styre på plass.

- Det viktigast for meg gjennom den krevjande perioden selskapet har vore i, har vore å berge størst mogleg aktivitet og sørge for flest mogleg arbeidsplassar lokalt. Selskapet er gjennom internasjonal utvikling blitt ein vesentleg aktør i mange marknadssegment, og dei lokale ringverknadene har vore og er svært store, seier Rasmussen.

- Kleven har under Ståle Rasmussen si leiing vore gjennom store endringar og gjennom skiftande marknadssituasjonar. Styret set pris på at han fortset som konsernsjef fram til det er avklart kven som vert hans etterfølgjar, og på den måten er med på å sikre ei god plattform for Kleven si vidare utvikling, seier styreleiar i Kleven, Leif Teksum.

Kontaktpersonar:

Konsernsjef Ståle Rasmussen: 909 36 493

Styreleiar Leif Teksum: 913 92 743

Emner

  • Industri, produksjon

Regions

  • Møre og Romsdal

Kontakter

Hans Jørgen Fedog

Pressekontakt Konsernsjef i Green Yard Group +47 92 35 00 20